To nye smittetilfelle i Vestnes

To nye smittetilfelle i Vestnes

Vestnes kommune har fått melding om to nye smittetilfelle av covid-19. Det er ein person som fredag testa seg på Vestnes i samband med utreise til eit anna land. Resultater fra PCR testar stadfestar laurdag at han og ein av nærkontaktane er positive. Begge er i isolasjon, og nærkontaktar er i karantene på Trohaugen i Tomrefjord.

Verksemda dei jobbar i er leverandør til VARD. Dei to har vore i Noreg sidan i januar og då dei kom til landet var dei i karantene på Trohaugen.

Arbeidarane har vore på arbeid ved Vard Søviknes onsdag og torsdag denne veka. Før det var dei på eit jobboppdrag ved Vard Langsten. På begge verfta er det gjennomført ekstra reinhald og desinfeksjon av aktuelle område som dei har arbeidd i.

VARD har også sett 10 personar i ventekarantene. Alle nærkontaktar og dei i ventekarantene vil bli testa dei næraste dagane.

Smittekjelda er førebels ukjend.