To nye smittetilfelle i Vestnes

To nye smittetilfelle i Vestnes

Det er påvist koronasmitte hos to personar i Vestnes kommune. Det er tilreisande gjestearbeidarar frå VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personane har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Dei er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.