To nye smittetilfelle i Vestnes kommune

To nye smittetilfelle i Vestnes kommune

Vestnes kommune har i dag testa 37 nærkontaktar knytt til dei fem som fekk påvist smitte søndag 4. april. Testresultata viser at to personar har fått påvist covid-19. Alle nærkontaktar til dei smitta er kontakta og sett i karantene. Dei vil bli testa i morgon.