To nye smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

To nye smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Det er i dag påvist koronasmitte hos to personar i Vestnes kommune. Det er tilreisande gjestearbeidarar frå to ulike underleverandørar i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen.

Den eine smitta kom med same reisefølge som ein av dei smitta i går kveld.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Dei smitta er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

VARD og kommuneoverlegen ivaretek smittesporing.

Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.