To nye smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

To nye smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Det er i dag påvist koronasmitte hos to personar i Vestnes kommune. Det er tilreisande arbeidarar i VARD som nyleg har ankomme brakkeriggen på Trohaugen. Den eine blir retesta i morgon då prøva ikkje viste klart positivt funn.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personane har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Vedkommande er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

VARD og kommuneoverlegen gjennomfører no smittesporing.

Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.