Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

To nye koronasmitta i Vestnes

To nye koronasmitta i Vestnes

Det er i dag påvist koronasmitte hos to personar i Vestnes kommune. Det er tilreisande arbeidarar som er busett på brakkerigg i kommunen og dei har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.  Dei smitta har ikkje sitt daglege arbeid i Vestnes.

Viruset blei oppdage ved rutinemessig testing og personane er sett i isolasjon, dei har ikkje symptom på sjukdom. Personar dei smitta har vore i kontakt med på brakkeriggen er no i karantene og vil bli testa. Verksemda og kommuneoverlegen arbeider no med smittesporing.