To gjestearbeidarar smitta av covid-19 i Vestnes

To gjestearbeidarar smitta av covid-19 i Vestnes

Det er påvist koronasmitte hos to personar i Vestnes kommune. Det er tilreisande gjestearbeidarar frå ein underleverandør i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. VARD testar alle to gongar og smitta vart påvist ved test nummer to. Personane har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Dei er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.

Testing av nye tilreisande gjestearbeidarar pågår kontinuerleg, det same gjeld retesting i karanteneperioden.

VARD følgjer situasjonen i Europa tett, og ser på moglegheitene for å kunne teste arbeidarar før dei reiser frå heimlandet.