To elevar ved Tomrefjord skule smitta

To elevar ved Tomrefjord skule smitta

Det er registrert koronasmitte i to skuleklassar ved Tomrefjord skule. Elevane har ikkje vore på skulen med symptom. Dei berørte klassane er informert gjenom skulen. Alle elevane i desse klassane vil få tilbod om time for testing i morgon.

Vestnes kommune forheld seg til FHI sine prosedyrer ved smittesituasjonar.

Vi ser no at smittetrykket aukar i kommunen, og vil derfor ha eit møte i kriseleiinga i morgon for å vurdere situasjonen og ev. tiltak.