To barnehagebarn har testa positivt for korona

To barnehagebarn har testa positivt for korona

Etter at ein tilsett i Tomrefjord barnehage testa positivt for korona, fekk alle barna og dei tilsette tilbod om test i går. Testresultata viser at to barn også har positive testar.

Barnehagen har sendt ut informasjon til dei som er ramma. Så lenge barna er friske, kan dei gå i barnehagen som normalt. Dei skal likevel vere ekstra obs på symptom dei neste ti dagane og ta ein test ved feber eller forkjølelse seier kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli.