To arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

To arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

To arbeidarar i innreisekarantene ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen i Vestnes testa positivt på covid-19, testresultata kom i går ettermiddag.

Smittesporing er gjennomført og arbeidarane er sett i isolasjon. Nærkontaktar sit i karantene.

Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.