Testing av alle arbeidarar ved Vard Langsten pga. nye smittetilfelle

Testing av alle arbeidarar ved Vard Langsten pga. nye smittetilfelle

Vestnes kommune har fått melding om fire nye smittetilfelle av covid-19 ved Vard Langsten. På grunn av utviklinga med smitte ved verftet har kommuneoverlegen, i samråd Folkehelseinstituttet, beslutta at alle arbeidarar i dag skal testast for covid-19.

På grunn av situasjonen på verftet, samt Vard Langsten sine nye rutiner for vekentleg testing av eit utval arbeidarar, har det vore utført fleire rundar med testing i veka som har gått. Torsdag kveld vart det tatt rundt 60 nye testar. Seint fredag kveld fikk vi informasjon om at tre av disse har testa positivt. Desse er tilhøyrande i Vestnes. Personane er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

I tillegg har ein person testa seg på Vestnes i samband med utreise til eit anna land. Resultater fra PCR testen stadfestar laurdag at han er positiv. Arbeidaren er i isolasjon på Trohaugen og nærkontaktar er sett i karantene.

Det pågår eit tett samarbeid mellom kommuneoverlegen og Vard Langsten for å kartlegge situasjonen og kva for tiltak som skal gjennomførast vidare. Gjennom laurdagen vart ulike løysingar vurdert, og i samråd med Folkehelseinstiuttet og VARD har kommuneoverlegen bestemt at alle arbeidarar som har jobba ved verftet siste veka skal testast i dag 9. mai. Testinga startar kl 10 i dag og alle som er aktuelle fekk beskjed laurdag kveld.

Arbeidarane skal vere i fritidskarantene inntil testresultata føreligg, og vidare tiltak er vurdert og kommunisert. Familien til arbeidarane er ikkje i karantene. 

Kva som skjer vidare vil bli bestemt ut frå testresultat og råd frå Folkehelseinstituttet. Ein planlegg å reteste arbeidarane neste laurdag.