Temaplanrullering 2021 - Idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg

Temaplanrullering 2021 - Idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg

Vestnes kommune rullerer temaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg kvart år, mellom anna med tanke på tilskotssøknadar.

Vestnes kommune registrerer relevante prosjekt frå både einskildpersonar, lag og foreiningar og kommunale driftseiningar.

Gjeldande temaplanrullering finn ein her. (PDF, 422 kB)

Torsdag 4. november arrangerer kommunen temakveld om spelemidlar i samarbeid med Møre og Romsdal idrettskrets og idrettsrådet. Nærare informasjon kjem.

Send innspel og melding om prosjekt til Vestnes kommune til postmottak@vestnes.kommune.no seinast måndag 15. november 2021. (NB: Utsett frist)