Rådhuset opnar ikkje før sikringstiltak er gjennomført


I påvente av ombygging av inngangspartet vil dørene framleis vere låste, men alle tenester er tilgjengelege. Her finn du kontaktinformasjon til kommunen og NAV.

Støtte frå næringsfondet

Støtte frå næringsfondet

Kommunale næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i berekraftsfylket Møre og Romsdal. Støtte frå næringsfondet skal utløyse vekstpotensiale i lokale bedrifter, og bidra til å nå kommunane sine mål for lokalsamfunnet.

Kommunalt næringsfond er basert på ei tildeling av regionale utviklingsmidlar frå Staten via Møre og Romsdal fylkeskommune. 


Kven kan få tilskott

Frå fondet kan kommunane gje støtte til bedriftsretta tiltak; maskiner og utstyr til produksjon, produktutvikling, marknadsføring, opplæring m.m. Hovudregelen er at ein kan få dekt inntil 50 %, men med øvre grense kr. 150.000. Det vil i hovudsak ikkje bli gitt støtte til rullerande materiell (bilar etc.), kontorutstyr, handverktøy og ordinær drift.

Tiltak som får støtte frå næringsfondet må bidra til å skape nye, eller sikre eksisterande arbeidsplassar. 


Om søknaden

Søknaden skal innehalde:

  • Ei beskriving av tiltaket det blir søkt om, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskottsordninga.
  • Plan for gjennomføring, herunder aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
  • Forventa resultat.
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket, herunder finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkaren ser som viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjeringa.

Det kan gjevast støtte til bedrifter, nystarta eller eksisterande, som vidarefører aktiviteter til verksemder som nyleg har gått konkurs, nyleg er nedlagt eller selt. Det vert ikkje gitt støtte til investeringar som alt er gjort, men til det som ligg fram i tid. 


Søknadsfrist

For 2023 er søknadsfristen 11. august.


Slik søker du

Søknaden skal sendast inn elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no


Regelverk

Retningsliner for kommunale næringsfond i Møre og Romsdal:
Forskrift for distrikt- og regionalpolitiske virkemidler
Retningslinjer for distrikts- og regionalpolitiske virkemidler


Kontaktperson

Sentraladministrasjon: Hilde Rekdal, økonomirådgjevar
Mobil: 90618142
E-post: hilde.rekdal2@vestnes.kommune.no