Støtte frå GassROR IKS til lag og foreiningar som vil realisere små tiltak

Støtte frå GassROR IKS til lag og foreiningar som vil realisere små tiltak

Nå er det mogleg å søke støttemidlar frå "Småtiltakspotten" til GassROR IKS. Denne årlege potten til mindre tiltak er tiltenkt lag og foreiningar.

Eigeninnsats som dugnad og andre bidragsytarar (sponsormidlar, gåvemidlar o.l.) vil bli vektlagt.

Med «mindre tiltak» meinar ein tiltak der det kan søkast om støtte på inntil kr 50.000 - der støttebeløpet kan utgjere maksimalt 50 prosent av totalt budsjett.

For prosjekt på inntil 3 år kan ein søke om støtte på inntil kr 150.000 - der støttebeløpet kan utgjere maksimalt 50 prosent av totalt budsjett.

Det blir ikkje gitt bedriftsretta støtte.

Her kan du lese mer om retningslinjer og prinsipper for vurdering av søknader: www.gassror.no - Småtiltakspotten

Alle søknadar MÅ leverast elektronisk via søknadskjema på nett:

Søknadsskjema

Frist for å søke om midlar er innan 1. september kl 12:00.