Status for covid vaksinering per 16. februar

Status for covid vaksinering per 16. februar

Vaksinerte personar i Vestnes per 12.02.2021

72     Fullvaksinerte personar
276   Vaksinedose 1

Vaksinar

Framleis får kommunen kun levering av Pfizer BioNTech. 

Kommunen vaksinerer stort sett tysdagar og onsdagar. Framover vil vi i hovudsak vaksinere på onsdagar for befolkninga elles. Kommunen får levering av vaksiner tysdagar. Under ser dykk kor mange vaksinerdoser Vestnes har fått siste vekene.

Fordeling av vaksineglass
Veke Antall vaksineglass Type vaksine
1 5 COMIRNATY frå Pfizer BioNTech
2 3 COMIRNATY frå Pfizer BioNTech
3 6 COMIRNATY frå Pfizer BioNTech
4 10 COMIRNATY frå Pfizer BioNTech
5 17 COMIRNATY frå Pfizer BioNTech
6 20 COMIRNATY frå Pfizer BioNTech
7 16 COMIRNATY frå Pfizer BioNTech
8 14 COMIRNATY frå Pfizer BioNTech

Institusjon og sjukeheim

Hellandtunet: Alle pasientar ferdigvaksinert med vaksinedose 1 og 2
Vestnes sjukeheim, post 2 og 3: Ferdigvaksinert med vaksinedose 1 og 2
Tresfjord Trygdeheim: Ferdigvaksinert veke 7 med vaksinedose 1 og 2

Heimebuande

I veke 7 og 8 blir heimebuande ved Senior Plaza og aktivitetssenteret ferdigvaksinert med dose 1 og 2.

Helsepersonell

20% av vaksinedosane skal gå til helsepersonell etter nasjonale retningslinjer. Det er  kommuneoverlegen som sett opp prioriteringsrekkefølga.

Per i dag er desse gruppene i gang med vaksinering:

  • Ambulansepersonell
  • Personell i legevakt
  • Personell i legekontoret
  • Helsepersonell vil få tilbod om vaksine fortløpende

Befolkninga elles

Vi vaksinerer framleis i aldersgruppa 85 år og eldre, og alle blir kontakta per telefon.

Framdrift

Kor raskt vi greier å vaksinere kjem an på kor mange vaksinar kommunen får. Per i dag får vi tildelt vaksinar ut i frå innbyggjartal med levering x 1 per veke. Informasjon om doser og levering får vi som regel ei veke før, nokre gongar før. Dette gjer det utfordrande å planlegge.

Plan for vaksinering

Alle kommunane i landet har fått i oppdrag frå Statsforvaltaren å etablere tiltaksplan for coronavaksinering av befolkninga. Tiltaksplanen er eit «levande» dokumentet som skal evaluerast undervegs i prosessen. Planen er inndelt i ulike område som beskriv framdrifta rundt arbeidet.

Arbeidsgruppa består av kommunalsjef helse, kommuneoverlege, vaksinekoordinator og avdelingsleiar ved helsestasjonen.

Helsepersonell som kan delta i vaksinering

Vestnes kommune har etablert ei portefølje av helsepersonell som står klare til å vaksinere (opptrekk av vaksine, setting av vaksine og registrering av vaksine). Innsatspersonell er inndelt i vaktlag. Vaktlag vert iverksett av arbeidsgruppa etter avklaring for kor mange vaksinedosar kommunen får.