Status etter testinga torsdag 13. mai

Status etter testinga torsdag 13. mai

I samband med smittesituasjonen i Vestnes vart det bestemt at alle arbeidarar ved Vard Langsten som hadde vore på jobb på verftet frå onsdag 5. mai og seinere, skulle gjennomføre eit to-trinns testprogram i kombinasjon med karantene. Ca 500 personar vart testa og Vestnes kommune har i kveld fått svar på alle prøvene. Det er kun ein person som har fått påvist covid-19.

Arbeidaren var allereie i skjerpa karantene fordi vedkomande var definert som sikker nærkontakt til kjent smittetilfelle. Han er i isolasjon på Trohaugen.

Ein del av arbeidarane ved Vard Langstein er no ute av karantene og har gjennomført to-trinns testprogram sidan siste arbeidsdag ved verftet. Dei øvrige arbeidarane blir testa tysdag 18. mai.