Søk midlar frå Småtiltakspotten til GassROR IKS - 3 mill. kroner til lag og foreningar til aktivitet og utvikling i 2023

Søk midlar frå Småtiltakspotten til GassROR IKS - 3 mill. kroner til lag og foreningar til aktivitet og utvikling i 2023

GassROR IKS sett av 3 mill. kroner til aktivitet og utviklingstiltak for lag, foreningar og organisasjonar. No er det tid for andre søknadsrunde og søknadsfristen er 1. april kl. 12.00.

Den årlige potten til mindre tiltak er tiltenkt lag, foreningar o.l. Det vil bli lagt vekt på eigeninnsats som dugnad og andre bidragsytarar.

Småtiltak

Med «mindre tiltak» meiner ein tiltak der det kan søkast om støtte på inntil 50.000 kroner - der støttebeløpet kan maksimalt vere 50% av totalt budsjett.

For prosjekt på inntil 3 år kan ein søke om støtte på inntil 150.000 kroner - der støttebeløpet kan maksimalt vere 50% av totalt budsjett.

Målgruppa for Småtiltakspotten er lag, foreningar og organisasjonar i Molderegionen (Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes). Det blir ikkje gitt støtte til bedrifter eller privatpersonar, ei heller til ordinær drift av lag og foreningar.

Aukar frå 2 til 3 søknadsrunder

Styret i GassROR IKS har ønska å auke frå to til tre søknadsrunder. Dette for å gi fleire moglegheit til å søke midlar.

I fjor blei det også sett av 3 mill. kroner til Småtiltakspotten. Og etter to runder, der det blei gitt tilsagn om støtte for 1,34 mill. kroner, så var det altså ein rest på 1,66 mill. kroner. I år er det derfor eit mål for GassROR IKS sitt styre å yte tilsegn for heile potten på 3 mill. kroner.

Tre søknadsfrister

I år er det tre søknadsfrister:

  • 1. februar (innen kl. 12.00) - behandles innen utgangen av februar.
  • 1. april (innen kl. 12.00) - behandles innen utgangen av april.
  • 1. september (innen kl. 12.00) - behandles innen utgangen av september.

Les mer på nettsidene til GassROR IKS 

Kontakt for ytterligere informasjon

Arnt Sommerlund, daglig leder GassROR IKS: post@gassror.no eller 900 88 300