Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 22.10.2020, kl 09:22

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Skulestart hausten 2020

Skulestart hausten 2020

Nytt skuleår står for tur og vi er framleis på gult nivå (same som før sommarferien) med tanke på koronasmitte.

Det er trygt for barn å gå på skulen

Vi er nøye med å trygge godt smittevern. Det avheng at vi alle gjer ein innsats og følgjer råda for smittevern. På skulen vil vi vere opptekne av å:

  • vaske hender og lære elevane gode rutine for handvask
  • ha godt reinhald
  • vaske utstyr jamleg, til dømes nettbrett
  • vere ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO
  • halde god avstand til kvarandre

Elevar som ikkje er i risikogruppa oppmodast til å møte på skulen når den opnar. Skule lagar ikkje eigne opplegg for elevar som blir halde heime. Føresette som vel å ikkje sende barna på skulen, må sjølv ivareta opplæringsplikta.

Vi skal framleis sørgje for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra.

Viss barnet ditt ikkje kjenner seg bra 

Ikkje møt på skulen eller SFO viss barnet ditt har symptom på sjukdom, dette gjeld også milde symptom. Det er ekstra viktig at barna held seg heime i minst eitt døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Viss nokon andre heime har luftvegssymptom, skal barnet likevel gå på skulen. Dei som har symptom på sjukdom skal ikkje følgje barnet til skulen.

Viss barna blir dårlege på skulen, så tek vi kontakt med foreldra. Barna må hentast eller gå heim så fort som mogleg.

Føresette skal helst ikkje bli med inn på skulen

Vi prøver å ta imot barna ute og ønskjer at føresette ikkje blir med inn på skulen eller i garderoben. Handvask er like viktig heime som på skulen. Vask hendene før de kjem på skulen, og med ein gong de kjem heim. 

Skuleskyss

Møre og Romsdal fylkeskommune gjekk vekk frå avstandskrava i kollektivtrafikken frå måndag 8.juni. Det betyr at skuleskyssen vil gå som normalt.

Opningstider

Skulekvardagen
Elevane følgjer ordinær skuledag. Grunna flytting og klargjering av Helland ungdomsskule ved Tresfjord skule, så vil elevane starte opp ein dag seinare enn det som står i skuleruta. Første skuledag for elevane ved Helland ungdomsskule blir tysdag 18.august.

SFO
SFO har ordinær opningstid igjen ved alle skulane.

Sjå meir informasjon vedkomane korona når det gjeld barnehage og skuletilbod.