Skogbrukplan med miljøregistrering

Skogbrukplan med miljøregistrering

Faktura nr to i samband med skogbruksplanbestillinga er kome. Kommunen har mottatt kopi av alle fakturaer med bestilling som i første faktura.

Det blir gjort på same vis som første faktura, med at skogeigar betalar sjølv først til Allskog, så få ein refundert beløpet frå skogfondskontoen i ettertid. Gitt at der er midlar på skogfondskontoen naturlegvis. Ein treng ikkje å søke om utbetaling på nytt, da vi nyttar same skjema.

Ta kontakt med kommunen om det er noko som skal gjerast annleis enn førre betaling.