Skal du stemme til Stortingsvalet 2021?

Skal du stemme til Stortingsvalet 2021?

Du kan stemme på førehand fram til og med 10. september. Pr torsdag 9. september har 1351 personar førehandsstemt i Vestnes kommune - det er ny rekord. Vi oppfordrar så mange som råd til å førehandsstemme ved valet i år, dette for å minske risikoen for koronasmitte. 

I Vestnes kommune kan du siste veka førehandsstemme på Servicekontoret på rådhuset, kvardagar frå kl 09:00 – 15:00, fram til og med fredag 10. september. 

Stemme heime i førehandsstemmeperioden

Dersom du er alvorleg sjuk eller ufør, er i isolasjon eller karantene, er det råd å søke om å få stemme heime. Siste frist for å søke om dette er fredag 10. september kl. 10:00, ta kontakt med servicekontoret på tlf. 71 18 40 00 for å avtale tid.

STEMME PÅ VALDAGEN

Er du manntalsført i Vestnes kommune kan du stemme her på valdagen 13. september:

Valgdagen - Stemmestader og opningstider
Krets Stemmestad Opningstid
Vågstranda Tidl. Vågstranda skule 14:00 - 20:00
Vike Bårdplassen 14:00 - 20:00
Daugstad Gildeheim 14:00 - 20:00
Tresfjord Tresfjord oppvekssenter 10:00 - 20:00
Skorgen Skorgen grendastove 14:00 - 20:00
Helland Myra kulturbygg 10:00 - 20:00
Øverås Ljosvang 14:00 - 20:00
Tomrefjord Tomrefjord idrettsbygg 10:00 - 20:00
Fiksdal Bygdaheim 14:00 - 20:00
Rekdal Tidl. Rekdal skule 14:00 - 20:00

Er du i isolasjon eller i karanten pga. korona på valdagen?

Veljarar som er manntalsført i Vestnes kommune og er i isolasjon grunna covid-19, kan søke om å stemme der dei oppheld seg på valdagen. Det same gjelder veljarar som er i karantene og som ikkje kan stemme på ordinær måte. Fristen for å søke om dette er valdagen kl. 10:00, ta kontakt med servicekontoret på tlf. 71 18 40 00.

Les meir om Stortingsvalet her