Sju tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Sju tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Dei nye smittetala i Vestnes kommune siste døgn viser at 7 personar i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld 7 arbeidarar ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen.

Testresultat som vart tilgjengeleg i Vard i løpet av onsdag viser:

  • 7 personar som rutinemessig har vore testa hos VARD har fått påvist covid-19.
  • Alle har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
  • Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Norge.

I tillegg har tre personar testa usikker positiv og vil bli retesta.

I kommunen er det no ein del arbeidarar som er ferdige med sine karantene- og isolasjonsopphald. Personar som sit i isolasjon blir utsjekka ut av helseansvarleg i si verksemd og kommuneoverlegen godkjenner isolasjonstida før dei går ut i arbeid.