Sju tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Sju tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Vestnes kommune har fått melding om 7 nye smittetilfelle siste døgn, det er alle tilreisande arbeidarar i innreisekarantene ved Vard sine karanteneriggar.

  • Tre personar som rutinemessig blei testa etter ankomst til VARD sine karanteneriggar har fått påvist covid-19.
  • Fire personar har testa positivt på test tatt ved innreise til landet.
  • Alle har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
  • Ingen har symptom, og er sjekka av VARD sitt helseteam.
  • Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.

Dei siste vekene har 800 arbeidarar kome tilbake etter juleferien og er i innreisekarantene på VARD sine brakkeriggar. VARD testar fortløpande tilreisende arbeidare som har ankome selskapet sine brakkeriggar etter opphald i utlandet. Sjølv om alle arbeidarane tek koronatest før avreise frå heimlandet, og myndigheitene har eit mål om å teste alle på landegrensene til Noreg, tek VARD ytterlegare 2 tilleggstestar av alle arbeidarar under karanteneperioden. Første test blir teke etter ankomst, den neste før karanteneopphaldet blir avslutta. Selskapet retestar og dei som har positivt testresultat, samt nærkontaktar og personar i same reisefølge.

VARD har i lang tid praktisert butikkforbod for arbeidarane i karantene. Ved karanteneriggane er det vakthald 24 timar i døgnet 7 dagar i veka. Vakttenesta er ansvarleg for inn- og utsjekk, vakthald og sikkerheit, samt bistå bebuarane om det er noko dei har behov for. 

Positive testar som blir registrert som følge av VARD sine interne testing, blir offisielt registrert på Ålesund kommune sin statistikk, men handtert av VARD og Vestnes kommune. Tilfella blir registrert i Vestnes kommune sin interne statistikk.