Sju arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Sju arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Fire arbeidarar i innreisekarantene ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen og tre i PCS testa positivt på covid-19

Det vart i går kveld påvist korona hos fire tilreisande arbeidarar som er i karantene ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen i Tomrefjord.I tillegg har tre tilreisande arbeidarar som er i innreisekarantene i PCS i dag testa positivt ved testing på flyplass.

Smittesporinga er gjennomført og alle sit no i isolasjon ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen, og nærkontaktane sit i karantene.

Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet inntil 72 timar før ankomst Noreg.