Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Set legar og helsepersonell i beredskap

Set legar og helsepersonell i beredskap

Legar og helsepersonell i Vestnes er sett i beredskap heime i tilfelle smitte. Dette vert gjort for å sikre at ein har nok helsepersonell og legar tilgjengeleg dersom det oppstår smitte som fører til karantene ved helseinstitusjonar i Vestnes.

– Me har valt å setje nokre legar og anna helsepersonell i beredskap heime. Dei er ikkje i karantene. Dette er eit tiltak for at me skal sikre oss og ha nok helsepersonell dersom det skulle oppstå smitte ved enten legekontoret eller andre helseinstitusjonar i Vestnes, seier kommuneoverlege Jan Håkon Fjeldheim.

Tiltaket fører til at det i tida som kjem vil vere redusert kapasitet ved legekontoret då det er færre legar på jobb.

– Dei legane som er att på jobb greier ikkje å overta alle pasientane. Det vil difor verte mindre kapasitet og me må prioritere strengare, seier Fjeldheim.

Artikkel gjengitt med løyve frå Vestnesavisa.