Seks nye gjestearbeidarar testa positivt ved ankomst

Seks nye gjestearbeidarar testa positivt ved ankomst

Det er i dag påvist koronasmitte hos seks personar til i Vestnes kommune. Det er tilreisande gjestearbeidarar frå tre ulike underleverandørar i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personane kjem frå ulike reisefølge, dei har ikkje symptom og har vore i karantene sidan ankomst. Dei smitta er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene. Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.

VARD og kommuneoverlegen gjennomfører no smittesporing.

Testing av nye tilreisande gjestearbeidarar pågår kontinuerleg, det same gjeld retesting i karanteneperioden.

VARD følgjer situasjonen i Europa tett, og ser på moglegheitene for å kunne teste arbeidarar før dei reiser frå heimlandet.