Seks gjestearbeidarar ved Vard smitta av covid 19

Seks gjestearbeidarar ved Vard smitta av covid 19

Det er påvist koronasmitte hos seks personar i Vestnes kommune. Det er tilreisande gjestearbeidarar i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen.

Personane var testa  før avreise frå heimlandet i samsvar med gjeldande prosedyrer. Desse testane viste negative resultat.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam på Trohaugen. Resultatet av desse testane på dei seks personane var positive. Personane har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Dei er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene. 

Dei har ikkje vore i butikkar eller vore i kontakt med lokalbefolkninga.