Seks arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Seks arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Det vart i går kveld påvist koronasmitte hos seks tilreisande arbeidarar som er i karantene ved VARD sine brakkeriggar. Fire av arbeidarane som testa positivt var i karantene på Trohaugen i Tomrefjord og to i Brattvåg.

Arbeidarane har vore i karantene sidan ankomst til Noreg, og er overført til isolasjonsbrakker på Trohaugen.  

Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet inntil 72 timar før ankomst Noreg. I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet også testa av verksemda sitt helseteam etter ankomst og ny test før karanteneoppholdet bli avslutta.

Smittesporing er gjennomført. To av personane ankom i eit større reisefølge, og denne gruppa vil bli spesielt følgd opp av VARD sitt helseteam. Det er totalt 45 nærkontaktar som har vore i reisefølge med dei seks arbeidarane. Alle nærkontaktar har vore i karantene sidan ankomst, og vil bli testa på nytt fredag.

Sjå utfyllande pressemelding frå VARD 06.01.2021 (PDF, 130 kB)