Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 29.09.2020, kl 09:01

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Retningslinjer for besøk ved sjukeheimar

Retningslinjer for besøk ved sjukeheimar

Vestnes kommune har mjuka opp reglane for besøkande ved Vestnes sjukeheim, Tresfjord trygdeheim og Hellandtunet. Retningslinjene gjeld frå 14. september 2020.

Då den lokale smittesituasjonen har vore stabil etter sommarferien, kan me igjen ha mildare besøksrestriksjonar. Endringane 14.9. er at besøk kan avtalast same dag (unntak helg), tur ut frå  sjukeheim/permisjon vert tillate og besøkslengd inne kan vere 1 time. 

Utfyllande retningslinjer for besøk ved sjukeheimane - revidert 14.09.2020 (PDF, 104 kB)

Det er leiinga i samarbeid med kommuneoverlege som fortløpande vurderer dei smitteførebyggande tiltak utifrå smittesituasjon. Desse retningslinjene kan difor endre seg dersom smittesituasjonen endrar seg.

Kort om det du må hugse på når du skal på besøk på sjukeheimen

  • Besøk avtalast med avdeling/ avdelingsleiar, avtale kan gjerast same dag unntatt for helg då må det avtalast seinast fredag. Avtale må gjerast mellom kl. 10.00 - 14.30.
  • Besøk skal fortrinnsvis føregå mellom kl. 11.00 - 18.30. Besøkslengd inne bør avgrensast til 1 time.
  • Du må vere frisk når du kjem
  • Ha god handhygiene
  • Unngå å klemme
  • Hald ein meters avstand
  • Bebuaren bør ha få på besøk om gongen (2 innandørs og 4 utandørs)

Dersom du etter besøket får påvist Covid-19 smitte eller vert definert som nærkontakt til smitta er du pliktig til å melde frå til institusjonen om dette.