Resultat frå innbyggarhøyringa i Rauma kommune

Resultat frå innbyggarhøyringa i Rauma kommune

Fylkesmannen har i dag motteke resultata frå innbyggarhøyringa som er gjennomført i samband med grensejusteringssøknaden frå grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma kommune. Vestnes kommunestyre skal behandle saka om grensejustering i møte 23. mai 2019.

Innbyggarane i dei to grunnkrinsane fekk følgjande spørsmål:

Kva kommune meiner du at grunnkrinsane Hjelvik og Våge skal høyre til i framtida?

  • Bli i Rauma kommune
  • Overflytting til Vestnes kommune
  • Veit ikkje

Resultatet frå innbyggarhøyringa viser desse svara på spørsmålet:

Svarprosent: 92 %

  • 23 % svarte "Bli i Rauma kommune"
  • 66 % svarte "Overflytting til Vestnes kommune
  • 11 % svarte "Veit ikkje"

Rapporten i sin heilheit finn ein her (PDF, 300 kB)

Informasjon kring telefonundersøkinga om grensejustering av Hjelvik og Våge (PDF, 166 kB)

Fann du det du leita etter?