Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 22.10.2020, kl 09:22

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Psykisk helse

Psykisk helse

Spør meir

Temaet for verdensdagen i år er «Spør meir». Det å slite psykisk i periodar er normalt, men halvparten av oss får, eller har ein psykisk diagnose i løpet av livet. Anten det angår deg sjølv eller som pårørande, er det nødvendig at vi er klar over kva vi kan gjere i kvardagen for å styrke oss, men også kva verktøy vi har for å møte psykiske utfordringar. Ved å spørje meir, vil fleire kjenne seg inkludert. Og vi kan lettare oppdage om nokon treng hjelp.

Angst

Vi har alle kjent på angst, men for nokon kan angsten ta kontroll over kvardagen. Frykt og redsel er normale reaksjonar som er nødvendige for å beskytte oss mot farar. Angst som går ut over livskvalitet og korleis vi fungerer dagleg er det som kallast angstliding. Angsten er då knytt til å frykte situasjonar som ikkje er farlege, og opplevast som ukontrollerbare.

Angstanfall eller panikkanfall beskriv ei intens frykt som kjem brått. Symptom som hjartebank, skjelving, svimmelheit eller svetting er vanleg. Mange seier dei har ei kjensle av å verte kvalt. Angstsymptom er ufarleg, men svært ubehageleg. Det er vanleg å skilje mellom ulike former for angstlidingar, og ein person kan ha fleire samstundes.

Angsttrening

 Ein viktig del av angsttreninga er å øve på å akseptere det som skjer i kroppen, og å flytte merksemda vekk frå kroppen og ut mot omgjevnadane. Ein anna viktig del er å redusere redsla for angsten, og få kontroll over katastrofetankar som forsterkar angst. Det kan du gjere ved systematisk å utsette deg for frykta situasjonar eller kroppsfornemmingar. Ved å bli verande til angsten blir redusert får du demonstrert i praksis at dette er forbigåande og ufarlege kroppsreaksjonar.

Angst og pandemi

Pandemien påverkar oss i kvardagen. Virus er ei «usynleg» fare med uklart trusselbilde og tidsperspektiv. Det skapar mykje usikkerheit og uro, og for mange opplevast pandemien spesielt krevjande og stressande.

Helseangst blir beskrive som ein tilstand der ein er uroleg for å verte ramma av alvorleg sjukdom, ei uro som stadig kjem attende.

Forsking viser at mange har god effekt av kognitiv atferdsterapi, og at ei digital løysing med sjølvhjelpskurs over internett kan ha like god effekt som den tradisjonelle behandlinga som krev oppmøte. I ei tid der behandlingstilbodet er redusert og mange er redde for smitte har digital behandling vorte meir relevant (forskning.no).

https://www.kognitiv.no/psykisk-helse/ulike-lidelser/angstlidelser/panikklidelse/videobasert-selvhjelp-ved-panikklidelse/

Verdt å sjå!

Du finn linken under bildet

Når du ser han på scena, er ikkje Aslak Hartberg ein fyr du ville forbunde med lammande angst. Som rapparen Allis i Klovner i Kamp, samt medvirkande i fleire andre musikalske prosjekt, har han turnert verda rundt i ei årrekke.

 

Psykisk helse - Klikk for stort bilete     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Omslag for Aslak Hartberg - Farvel, frykt - Klikk for stort bilete

Men samstundes som han har utvist sjangertru hiphop-bravado på utsida, har han på innsida vore livredd.

https://www.boktips.no/familie-helse-og-livsstil/psykisk-helse/aslak-hartberg-farvel-frykt-verdensdagen/

 

Med vennleg helsing

Psykisk helseteam