Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Pressemelding 12.03.2020 - FIKSDAL OPPVEKSTSENTER ER STENGT GRUNNA MOGLEG KORONASMITTE FRÅ ANNA KOMMUNE

Pressemelding 12.03.2020 - FIKSDAL OPPVEKSTSENTER ER STENGT GRUNNA MOGLEG KORONASMITTE FRÅ ANNA KOMMUNE

Kommuneoverlegen stenger inntil vidare Fiksdal oppvekstsenter, etter samråd med fylkeslegen og kommuneoverlegen i Molde. Det blir utført smitteprøver etter anbefalte testrutine på koronasmitte.

Føresette av barn som viser symptom på koronasmitte, skal vere i heimekarantene og kontakte fastlege eller legevakt for ytterlegare avklaring.

Fram til testresultat føreligg skal pårørande av barn og pårørande til tilsette ved Fiksdal oppvekstsenter, som arbeider innan helse og omsorg i Vestnes kommune, vere i heimekarantene.

Vi viser elles til anbefalingar om at personar med teikn på koronasmitte skal kontakte fastlege eller legevakt. 

Meir informasjon kjem når testresultat føreligg.