Pauser AstraZeneca-vaksinen

Pauser AstraZeneca-vaksinen

Vestnes kommune pausar all vaksinasjon med bruk av AstraZeneca-vaksinen. Det er i samsvar med FHI og Statens legemiddelverk si avgjerd etter pressekonferansen i dag torsdag.

Det betyr at planlagt vaksinasjon denne veka er avlyst.

Dei det gjeld vert kontakta. 

Det er ikkje bestemt kor lenge helsestyresmaktene stoppar bruk av AstraZeneca-vaksinen, men dei skal no bruke tid på å sjå på om det er ein samanheng mellom vaksinen og ei mogleg biverknad som kan vere blodpropp.

Vi kjem attende med meir informasjon når det ligg føre.

NB! Vi held sjølvsagt fram vaksinering med Pfizer/BioNTech-vaksinen som planlagt.