Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 27.03.2020, kl 14:40

Sjå vår samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes.                                                   Information about corona in other languages

Oppstart Fjerdearm-prosjektet

Oppstart Fjerdearm-prosjektet

Kvekroken Entreprenør AS startar arbeidet med Fjerdearm-prosjektet i veke 13, og arbeidet vil pågå fram til slutten av mai i denne omgang. Det vil så bli ei anleggspause fram til midten av august før anlegget startar opp igjen. 

I første anleggsperiode skal massar for parkeringsareal ved idrettsbana trauast og nye fyllmasse skal køyrast inn. Det skal også leggast nødvendig røyr og etablerast voll, samt anna små-arbeid.

Massane skal så ligge nokre månader og stabilisere seg før anlegget startar opp igjen i august,  da ein byrjar på sjølve bygginga av vegane. Då skal rundkøyringsarma, veg bort til eksisterende parkeringsareal og parkeringsareal ved idrettsbana byggast.

Turvegen, parkeringsareal ved VVIL osv. skal ikkje bli berørt av utbygginga og skal vere open for ferdsel.

Anlegget skal stå ferdig innan 1. november 2020. Del 2 av utbygninga som er bobil/rasteplass ned mot sjøen, er ikkje vedtatt eller fullfinansiert for budsjettåret 2020.

Til opplysning så er parkeringsarealet tiltenkt heile sentrumsområdet og ikkje berre idrettsbana. Parkeringsarealet blir kommunalt og kan fritt brukast for personar som både ønskjer å gå ein tur i Kråkvika, så vel som for dei som ønskjer å besøke sentrum.

Er det spørsmål ta kontakt med prosjektleiar Tobias Hay Slinning

Som følge av usikre tider og restriksjonar tek ein atterhald om endringar i framdriftsplanen.