Opphevar anbefaling om munnbind lokaltVestnes kommune har no eit lågt smittetrykk på koronavirus i lokalsamfunnet. Dette ligg til grunn når kommunen no opphevar anbefalinga om å bruke munnbind på butikkar/kjøpesenter og når du reiser kollektivt i kommunen. Vestnes kommunen følgjer dei nasjonale retningslinjene for smittevern. Uansett kor du ferdast og kva du gjer, følg dei nasjonale smittevernreglane Hald avstand Vask hendene grundig og ofte Test deg ved mistanke om smitte Følg reglane for karantene og isolasjon Bli heime om du er sjuk Anbefalingar om bruk av munnbind på Helsenorge.no Sist endra03.02.2021 13.29