Oppfordrar til å vise forsiktigheit

Oppfordrar til å vise forsiktigheit

Pandemien er ikkje over og i fleire av våre nabokommunar er det no større utbrott med covid-19. Vestnes kommune oppfordrar alle til å ta personleg ansvar og følgje dei nasjonale smittevernreglane.

Det er ferietid og større aktivitet i befolkninga med reising, sosiale arrangement og samankomstar. I slike situasjonar er det viktig å vise ekstra forsiktigheit. 

Dei viktigaste tiltaka for å hindre smitte er å halde seg heime ved sjukdom, halde minst 1 meters avstand til andre og praktisere god hand- og hostehygiene.

Sjå nasjonale reglar og anbefalingar på Helsenorge.no