Oppfølging av smittesituasjonen ved Aas Mek VerkstedAas Mek. Verksted og kommuneoverlegen er ferdig med smittesporing og 51 personar er definerte som nærkontaktar. Dette inkluderer dei som allereie sit i karantene i Åslia. Alle nærkontaktane blir kontakta og skal testast i dag. Dersom arbeidarar ikkje blir kontakta er ein ikkje definert som nærkontakt. Andre som arbeider ved verftet blir i karantene til og med søndag. Avhengig av testresultata vil verftet kunne opnast igjen på måndag. Administrasjonen ved Aas Mek. Verksted er ikkje i karantene og kan arbeide som normalt, då den smitta ikkje har vore i administrasjonsbygget. Kommuneoverlegen opplyser at dersom personar knytt til verftet opplever symptom må dei kontakte fastlege eller Vestnes legesenter. Sist endra05.11.2020 11.42