Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Oppdatert informasjon om covid-19 i Vestnes

Oppdatert informasjon om covid-19 i Vestnes

Det er bekrefta at ein person i Vestnes har testa positivt på covid-19. I forbindelse med denne hendinga blir det nå jobba med smittesporing, for på ein best mogleg måte å sikre mot vidare spreiing, både mot arbeidsplass og omgangskrets.

Smittesporinga foregår ved at ein følgjer kontaktpunkta som vedkommande har hatt i den siste perioden. Dei som er nærkontakter av den smitta er kontakta i forbindelse med smittesporinga og eventuelt sett i karantene. Smittesporinga blir utført i regi av kommuneoverlegen, og i dette tilfellet blei det i går sendt inn ca. 20 testar for covid-19. Vi har i dag fått bekreftet at alle desse testane var negative, altså pr. no ingen fleire smittetilfelle. 

Vi følgjer forøvrig dei sentralt gitte anbefalingane vedrørande prøvetaking, karantene og isolasjon.

Kriseleiinga og kommuneoverlegen følgjer saka tett.