Nytt smittetilfelle av covid-19

Nytt smittetilfelle av covid-19

Det er påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein utanlandsk arbeider frå ein underleverandør i VARD som ankom brakkeriggen på Trohaugen 8. november.

Første test blei tatt ved ankomst og viste negativt resultat. Ved rutinemessig test nr. 2 fekk han påvist covid-19. Personen har ikkje symptom så langt. Han har vore i karantene sidan ankomst, og er no sett i isolasjon. Nærkontakt sit allereie i karantene. Begge skal retestast.  

Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.

VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Frå denne veka blir alle arbeidarar som skal til VARD frå utlandet testa før avreise frå heimlandet og må framvise negativ covid-19 resultat før innreise til Noreg. Gjestearbeidarane sit i 10-dagars karantene ved Trohaugen og blir retesta av VARD i karanteneperioda.