Nytt smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Nytt smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Ein arbeidstakar innan heimebasert omsorg i Vestnes kommune har testa positivt på covid-19. Smittesporinga er ferdig og alle berørte partar er kontakta. 35 personar er sett i karantene.

Vi ber om at alle er ekstra forsiktig dei neste vekene. Ha god smittehygiene og ikkje ha mange nærkontaktar, slik at vi unngår eit større utbrudd.

Ved spørsmål ta kontakt med kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli på telefon 90  47 78 86 .