Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 29.09.2020, kl 09:01

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Nytt smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Nytt smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Det er i dag påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er tilreisande arbeidar hos Aas Mek Verksted som nyleg har ankomme Åslia. 

I samsvar med Aas Mek Verksted sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa ved ankomst. Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Vedkommande er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

Aas Mek Verksted og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.