Nytt samtaletilbod - 13+

Nytt samtaletilbod - 13+

Ei kort orientering om utvida tilbod til unge i Vestnes. 13 + er eit samtaletilbod i samarbeid med skulehelsetenesta.

Det er ikkje lett å vere ungdom. Nokon gongar kan det vere veldig krevjande, og då kan det vere godt å ha trygge vaksne å snakke med. Diakon Ellen Edvardsen og prest John Sylte ønskjer å bidra med sin kompetanse. Ellen er utdanna sosionom og diakon, og John er utdannet teolog og psykotraumatolog, og har arbeidd mange år i sikkerheitspsykiatrien. Dei har begge lang erfaring med å følgje opp menneske i ulike livssituasjonar.

Vi ønskjer å vere der for ungdomane i kommunen vår. Vi veit det er mange som slit no, og vi ønskjer å vere ein bidragsytar i tillegg til det kommunale hjelpetilbodet. Vi har valt å kalle tilbodet 13+.

Ein samtale med 13 + skal opplevast som trygg og god, uavhengig av religion og livssyn. Det er det som føregår i ungdommen sitt liv som er fokuset vårt i samtalar. Vi er fordomsfrie og lyttande. Nokre gongar kan vi vere hjelpa, andre gongar kan løysinga vere å vise til andre instansar, då etter samtykke frå den det gjeld. Då vil vi sørge for ein trygg overgang, og forhåpentlegvis vere eit vikarierande håp til den andre hjelpa kjem inn. Vi ønskjer å vere fire ekstra auge og øyre som ser og høyrer dei unge som treng det.

Tilbodet vil skje i tett samarbeid med skulehelsetenesta, slik at vi samen kan gi det beste tilbodet til dei som treng det.

13+ er ikkje en del av skulehelsetenesta, men eit supplement, på same måte som andre samarbeidande tenester. 

Helsestasjon for ungdom – HFU- er eit godt etablert tilbod til same aldersgruppe, der samtaletilbodet 13 + vil inngå som ein del av dette.

HFU har opningstid kvar tysdag mellom kl 15:00 - 17:00. I tillegg til helsesjukepleiar og lege vil du no også ha anledning til å treffe John eller Ellen i tidsrommet frå kl 16:00 - 17:00 og elles etter avtale.

Minner om at HFU tilbodet følgje skuleruta- dvs.- stengt i skuleferiar, men 13+ vil vere tilgjengeleg også utover dette tidsrommet, då etter avtale.

Vi ønskjer gjennom dette å formidle informasjon om 13 + til ungdom, føresette og skular. Vi tenker 13+ kan vere eit positivt bidrag i ei tid, som for mange oppleve som ekstra krevjande.  

 

Med venleg helsing

John Sylte, teolog
Ellen Edvardsen, diakon
Anne Elin Frøysa, Vestnes helsestasjon