Nye nettsider for Vestnes kommune

Nye nettsider for Vestnes kommune

Vestnes kommune lanserer i dag nye nettsider.

Brukarane har stått i sentrum i utviklinga av nye www.vestnes.kommune.no. Målet er at nettstaden skal vere oversiktleg, moderne og med høg grad av sjølvbetjening.

Menyknappar gjer det mogleg for brukarane å navigere seg fram til ønska informasjon der tenestene er i fokus. 

Kommunen har fått på plass ei løysing som gjer det moegleg å lage digitale skjema. Dette gjer at innbyggarane kan søke elektronisk på fleire tenester i framtida.

Nettsidene er universelt utforma, tilpassa nettbrett og mobil, og vi håper dei er intuitive i bruk. 

Arbeidet med nye nettsider har vore eit samarbeidsprosjekt med dei andre ROR IKT kommunane Molde, Aukra og Rauma. Leverandør av løysinga er Acos

Dersom du oppdagar feil eller manglar på dei nye nettsidene, eller ikkje finn den informasjonen du er ute etter, er det fint om du gir oss beskjed. Du kan for eksempel bruke funksjonen ”Fann du det du leita etter?”, som er tilgjengeleg på alle sider.

Klikk for stort bilete

 

Fann du det du leita etter?