Ny gjestearbeidar smitta av covid-19 i Vestnes

Ny gjestearbeidar smitta av covid-19 i Vestnes

Det er påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande gjestearbeidar i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Vedkommande er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.  

Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.

VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Testing av nye tilreisande gjestearbeidarar pågår kontinuerleg, det same gjeld retesting i karanteneperioden.

VARD følgjer situasjonen i Europa tett, og ser på moglegheitene for å kunne teste arbeidarar før dei reiser frå heimlandet.