Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 21.10.2020, kl 10:03

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Nok eit smittetilfelle av covid-19 ved brakkerigg på Trohaugen

Nok eit smittetilfelle av covid-19 ved brakkerigg på Trohaugen

Det er i dag påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande gjestearbeidar i VARD som nyleg har ankomme VARD sin brakkerigg på Trohaugen.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Prøva er usikker, men blir behandla som positiv til det motsatte er bevist. Personen skal retestast i morgon. Vedkommande er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.