Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

No slepp du heimekarantene dersom du kjem frå Sør-Noreg

No slepp du heimekarantene dersom du kjem frå Sør-Noreg

Dersom du planlegg å reise frå Sør-Norge til Vestnes, treng du ikkje å sitte i heimekarantene når du kjem til Vestnes. Det lokale vedtaket om heimekarantene blir ikkje vidareført etter fredag 27. mars. Har du kommet frå Sør-Noreg til Vestnes i løpet av dei siste 14 dagane, kan du dermed avbryte karantena.

Ein lokal karantenebestemmelse blei innført 16. mars for å forsinke spreiinga av koronaviruset i Vestnes. Nå vel Vestnes kommune å ikkje vidareføre det lokale vedtaket. Dermed er det dei nasjonale bestemmelsane du skal forhalde deg til.

Reis minst mogleg!

Nasjonale helsemyndigheiter oppmodar oss til å reise minst mogleg. Du skal mellom anna unngå alle reiser som ikkje strengt tatt er nødvendige, unngå offentleg transport om du kan, samt andre stader kor du lett kjem nær andre. Det er også eit nasjonalt forbod mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune.

Andre karantenereglar kan gjelde for deg

Forutsetningane for å unngå eller avbryte heimekaranta, er at du føler deg heilt frisk. Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon (eksempel hoste, feber, tungpustenheit) skal du halde deg heime til ein dag etter at du har blitt frisk. Har du vore på utanlandsreise dei siste 14 dagane, eller hatt nærkontakt med nokon som har fått påvist Covid-19, skal du fortsatt vere i heimekarantene.
Les mer om reglene for hjemmekarantene og hjemmeisolering på helsenorge.no

Hold avstand!

Alle skal halde meir avstand enn vanleg. I det offentlege rom bør vi halde minst éin meter avstand til andre menneske. Når vi er ute, bør vi ikkje være meir enn fem personar i same gruppe. Det gjeld ikkje dei som er i familie eller i same husstand.
Les meir om råda for å halde avstand på FHI.no .

Klikk for stort bileteIllustrasjon korona