Ni arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Ni arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Åtte arbeidarar i innreisekarantene ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen og ein frå Kongsberg Skipsservice testa positivt på covid-19.

Testresultata frå VARD sine lokasjonar fredag viser:

  • 5 personar har testa positivt etter retesting tatt i samband med at dei på reisa til Noreg har vore nærkontaktar til kollegaer som fekk påvist korona tidlegare i veka.
  • 3 personar har testa positivt etter rutinemessig test tatt ved ankomst til VARD sine karanteneriggar. 
  • Alle har vore i karantene sidan ankomst, 6 på Trohaugen i Tomrefjord og 2 på Terøya i Søvik.
  • Alle er overflytta til isolasjonsbrakker på Trohaugen.
  • Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.

1 person registrert med positiv usikker test tidlegare i veka er no retesta. Testen er negativ. 

Smittetilfella som gjeld Vard blir offisielt registrert på Ålesund kommune sin statistikk, men handtert av Vard og Vestnes kommune. Tilfella blir likevel registrert i Vestnes kommune sin interne statistikk.

 

Den tilreisande arbeidaren frå Kongsberg Skipsservice, som er i innreisekarantene, testa positivt for covid-19 ved flyplass.

  • Personen er utan symptom og er overført til isolasjon.
  • Nærkontaktar er sett i karantene.
  • Alle rutinar er følgd og den smitta blir følgd opp av Kongsberg Skipsservice sitt smitteteam.
  • Den smitta har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.