Informasjon om koronaviruset

Næringstomt på Trohaugen til sals

Næringstomt på Trohaugen til sals

På Trohaugen Industriområde i Tomrefjord har Vestnes kommune for sal ei næringstomt på 10.000 m². Tomta ligg vendt mot riksvegen men vil ha adkomst frå den interne vegen på sørsida av tomta.

Klikk for stort bileteTomta har vore seld før, men grunna manglande behov har Vestnes kommune no kjøpt tomta attende. Ved interesse for kjøp må det sendast søknad til Vestnes kommune. Det er berre skriftlege søknader som vert vurdert. Ved søknad og sal av tomta gjeld dei vedtekne tildelingsreglane for næringstomter i Vestnes kommune (PDF, 374 kB).

Dette inneber mellom anna:

  • Pris på tomta er fastsett til ca kr. 945.000, inkl. omkostningar.
  • Tomta kan ikkje delast opp.
  • Søkjar plikter å gjere seg kjent med reguleringsføresegnene for tomta og området.
  • Tomta skal bebyggast innan 3 år. Om ikkje dette vert oppfylt har kommunen tilbakekjøpsrett.
  • Tomtene vert seld med veg, vatn og avløp fram til tomtegrensa.
  • Som hovudregel er det berre firma eller registrerte føretak som kan søkje.
  • Søkjar må gjere seg kjent med og vere innforstått med vilkåra i kommunen sin standard kjøpekontrakt (PDF, 80 kB)
  • Tomta vert seld «as is».

Det må i søknaden gå fram kva firma som søkjer og kva formål søkjaren har for tomta. I tillegg må det opplysast om forventa byggestart og framdriftsplan.

Søknadsfrist vert sett til 14.08.2021. Søknad sendast enten pr. post til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes, eller pr. epost til postmottak@vestnes.kommune.no. Eventuelle spørsmål kan rettast til Øystein Hole, tlf. 94 14 62 73 eller pr. e-post til oystein.hole@vestnes.kommune.no.