Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 21.10.2020, kl 10:03

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Meir åpenheit om psykisk helse - 5 grunnar til å markere Verdensdagen

Meir åpenheit om psykisk helse - 5 grunnar til å markere Verdensdagen

Meir åpenheit kan føre til:

  • At det vert lettare å dele tankar med andre, det å gi og få støtte
  • Mindre tabu kring psykiske utfordringar
  • Å styrke den psykiske helsa
  • Eit meir inkluderande nærmiljø, arbeidsmiljø og skulemiljø
  • Eit rausare samfunn

Psykisk helse

I fjor var temaet for verdensdagen «Gi tid». I år er temaet «Spør» meir. Å gi kvarandre tid og vere merksam mot kvarandre skaper tryggleik.

Alle har ei psykisk helse, og den er viktig å ta vare på.

DU kan utgjere ein forskjell. Større åpenheit gjer det lettere å snakke om og spør korleis ein har det.

Relasjonar

Har du tenkt på at vi lever liva våre gjennom eigne tankar og perspektiv, der det vi tenker og meinar vert sentralt for oss? Vi ynskjer gjerne at ting skal vere på vår måte, vi vil gjerne ha rett. Slik kan det oppstå konflikter, når ting vert annsleis enn det vi hadde sett for oss. Vær raus, og lytt til kva andre seier. Kan vi prøve godta at vi ikkje tenkjer likt?

God psykisk helse starter med gode relasjonar. Ein relasjon vert til i møte mellom mennesker, og byggast over tid. Relasjoner handler om å gi kvarandre sjølvtillit, som har ei positiv effekt på sinnet vårt.

Vi står i ulike relasjonar til einkvar tid, både i det private liv, og i yrkeslivet.

Mennesker er sosiale vesener, og mykje av det vi gjer skjer i relasjon til andre.

Nettverk

Å knyte sosiale band til andre er bra for oss. I ei tid med karantene og permitteringar er det viktig å tenke på dei du har rundt deg. Vener, kolleger, familie og lokalmiljøet utgjer ein slags grunnmur i livet. Å ringe eller sende ei melding er vedlikehald av relasjonar. Nettverket kan og utvidast, eksempel gjennom grupper på sosiale medier.

Ikkje alle får oppleve gode relasjonar i oppveksten sin. Desto viktigare vert det å prøve skaffe seg gode relasjonar seinare i livet. Finn din eigen kvalitetsflokk, ein arena der du får oppleve vi-kjensle. Gode relasjonar til nokre spesielle er viktig for oppleving av livskvalitet og psykisk helse. Finn stader der du treff andre du kan like å vere saman med, det kan vere gjennom friluftsaktiviteter, strikkekafe, koret?

Ta grep

På lik line som du med små grep kan styrke den fysiske helsa, kan små grep verke styrkande på di psykiske helse. https://www.helsenorge.no/psykisk-helse/fem-rad-for-sterkere-psykisk-helse

Helsing oss i Psykisk helseteam