Manntal til offentleg ettersyn

Manntal til offentleg ettersyn

For å kunne røyste ved valet må du stå i manntalet. Du står i manntalet i den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2019.

Manntalet for Vestnes kommune blir lagt ut til ettersyn frå andre veka i juli til og med 9. september på servicekontoret på rådhuset. Oppmøte i vanleg kontortid 09:00 - 15:00. Du kan også ta kontakt med kommunen pr. telefon 71 18 40 00, eller e-post postmottak@vestnes.kommune.no.

Dersom du meiner manntalet inneheld feil, kan du sende skriftleg krav om oppretting av feilen til valstyret i Vestnes, Brugata 10, 6390 Vestnes

Fann du det du leita etter?