Lovverket rundt snøbrøyting

Lovverket rundt snøbrøyting

Vestnes kommune har som mål å halde vegane akseptable framkommelege og sikre, så langt vi greier med dei økonomiske rammer vi har. Vi seier oss leie for at det av og til skjer både teknisk og menneskeleg svikt som gjer at resultatet ikkje er heilt slik vi ønskjer. 

Etter at vi nyleg fekk ein del snø på relativ kort tid fekk vi spørsmål om snøplassering. Kommunen eig svært lite areal tilsides for vegen. Det vil med andre ord seie at mesteparten av snø og is blir lagt på privat grunn. Ofte er det tett med avkøyrsler langs ein kommunal veg, og sjølv om vi prøver å unngå å fylle avkøyrslene, er det ikkje vårt ansvar å rydde avkøyrslene ved vanleg brøyting. Vi ser derimot annleis på det når vi høvlar ned snøhella eller isen. I dei tilfella vil vi, så lagt det er mogleg, rydde avkøyrslene. Snøen og isen må også i dei tilfella påreknast å bli lagt ein annan stad på eigedomen.

Spørsmålet som gjerne dukkar opp er: Er det lov å brøyte eller frese snø inn på privat eiendom? 

Dette temaet har vore diskutert opp gjennom åra i kommunane, Statens vegvesen og i det juridiske miljøet.

Konklusjonen er kort fortalt at nabo til veg må akseptere at snø, is, strøsand og salt blir brøyta inn på eigedomen. Konstruksjonar som til dømes gjerde og hekkar som ligg nære veg må også tole den belastninga utbrøyta snø gjev.

Vil du vite meir om temaet? Sjå vegjus.no.

Fann du det du leita etter?